Foto: Gisle K. Sverdru

Føredrag

Skal du ut på langtur eller planlegg noko utanom det vanlege? Me svarar gjerne på spørsmål.

Ynskjer du heller å nyte villmarka frå godstolen? Med lyd, film og bilde håpar me føredraga våre gir deg ei god villmarkssteming og innblikk i eit unikt år.


Kontakt oss

Steinar Onarheim
Mobil: 934 null åtte 068. E-post steinar.onarheim(at)gmail.com

Anna Trøite Sandven
Mobil: 414 tjueto 039. E-post: toydokko(at)yahoo.com

 

Om oss

Me kjem begge frå vakre Hardanger med vidt utsyn over fjell, fjord og fonn. Her lærte me oss tidleg å sette pris på naturen ikring oss i form av spreke opplevingar i ulike element. Gleda av å svetta seg opp ein bratt bakke på ski, for deretter å kasta seg utfor og setta spor i upløyd snø. Setta segl mot ukjente fjordar, eller rett og sletta å setta seg ned å nyta utsynet frå ein fjelltopp.

Me har lært å setta pris på matfatet me omgir oss med. Som flaska opp på fisk og frukt har interessa for å leva av naturen alltid ligge latent og dei seinare åra vakse seg sterkare. Fisketurar og fangst av bær og sopp er både spennande og bidrar samtidig til matauk. Jakt på småvilt har også etterkvart vekt urmennesket i oss.

Friluftsinterressa kan nok for oss begge best karakteriserast av breidde, heller dybde. Så lenge det føregår utandørs og er gøy, så er det gull. Anten det er bratt, glatt, kaldt, varmt eller vått.

Steinar

Steinar fiskar røye i Altevann

Eg (32 år) vaks opp på gard på Onarheim i Tysnes Kommune. Eg er utdanna geograf frå Bergen, Utrecht (Nederland) og Trondheim. I dag jobbar eg som konsulent innan plan og analyse hos Asplan Viak i Bergen.  Dei fleste interessene mine knyttar seg til friluftsliv: ski, klatring, jakt, fiske, segling og mykje Anna. Eg har budd 3 år i seglbåten min Hurlumhei som har brakt meg så langt som til Shetland og så nært som Bryggen i Bergen. Eg elskar snø, men får fort kalde føtter.

Anna

Anna tel fugl i Hornsund, Svalbard. Foto: Eirik Grønningsæter www.wildnature.no

I Øystese vaks eg (31 år) opp ved fjorden, med ei flott hytte i fjellet. Å sjå på fine blomar, samle på fine røtter eller Steinar har eg alltid likt. Så vart det ein biolog av meg, med studieopphald mellom anna i Malaysia og Svalbard. Eg jobbar no som undervisningskoordinator på VilVite, Bergen Vitensenter AS.  Med den arktiske naturen djupt i hjerterota må eg stadig attende til Svalbard – gjennom studie og mange sesongar som feltassistent for Norsk Polarinstitutt.  Mine interesser er å vera ute, sjå naturen og lyset som endrar seg. Sjå på blomar, sitte i fuglefjell, sjå på naturen som endrar seg…akkurat som då eg var lita.

No Responses to “ Om oss ”

Sorry, comments for this entry are closed at this time.