Yukon
Stjerneklar natt på hytta ved Six Mile Lake
Her er den flotte hytta me bur i.
– –
Vil du sjå film frå hytta vår?
– –
Under finn du kart over området rundt Six Mile Lake.


Vis større kart

Hytto ligg på same breiddegrad som Bergen, men klimaet er barskare. Sjølv om me bur mindre enn 20 mil frå vestkysten av Alaska er det lite som minner om Vestlandet. Alaska-gulfen er ikkje som den varme Golfstraumen, og det er difor mykje kaldare. Hytto ligg på 700 moh og me forventar temperaturar under -40°C.

Langt mellom folk
Næraste sivilisasjon frå hytto er Haynes Highway som ligg fleire mil unna. Derifrå er det eit par timars køyring til Whitehorse, hovudstaden i Yukon, med 24 000 innbyggarar. Tilsaman bur det ca. 30 000 inbyggarar i Yukon, fordelt på eit areal som er over 20 % større enn Norge! Elg, bjørn og bisamrotte har med andre ord rikeleg plass å boltra seg på.

Hytto vår ligg fint til ved vasskanten ved Six Mile Lake. Den er 35 kvm og inneheld det det aller viktigaste: propanovn og vedovn. Ved høgg me i skogen og fisken fiskar i elva som renn forbi hytto. I området rundt oss er det mykje småvilt, sopp og bær som ventar på å bli hausta av oss.

Før isen legg seg er hytto tilgjengeleg med båt og kano, mens resten av året (oktober – mai) må ein ta trugene eller skia fatt. Når snøen har lagt seg er snøskuter eit alternativ. Me har vald å ikkje ha snøskuter mellom anna på grunn av utfordringa mekanikk vs. lave temperaturar, vårt ønske om det enkle frilufstliv.

Dickson Outfitters
Me vart tidleg i leitinga tipsa om å kontakte Dickson Outfitters, ei familiebedrift som har drive jakt, fiske og hytteutleige i Yukon i over 100 år. Av Dave og Teena Dickson i Dickson Outfitters, leiger me hytto for 12 månadar. Dave og Teena, og venane deira, har vore svært imøtekomande og hjelpsame og det har vore ei glede å bli kjent med dei!

No Responses to “ Hytto ”

Sorry, comments for this entry are closed at this time.