Jordomsegling, sykkeltur i Mongolia, fangstliv på Svalbard eller skal me gå Norge på langs? Ein solfylt seinsommarsdag i 2010, ”Hurlumhei” har vind i selga og me drøymer oss vekk. No er draumen om eit friår i ferd med å gå i oppfylling. Mange tenkjer på det, men dei færraste tar steget.

Kva drøymer me om?
Me drøymer om eit år med uforgløymelege naturopplevingar. Det verkar lokkande å la dagslys, ver og temperatur styre dagane. Ved å overvintra i ei hytte, vil me få oppleva dei skiftande årstidene på nært hald. I fjellheimen finn me ro og har stor glede av det enkle friluftsliv. Så lenge me klarar å skaffe ved og vatn til dagens bruk, så vert det ikkje stilt andre krav – verken frå oss sjølve eller andre.

Målet vårt er ikkje å ”overleve i villmarka”, den er å ”overvintre i villmarka”. Me skal ha nok proviant for opphaldet, men sjølvsagt supplera med fisk, kjøtt, sopp og bær. Ved å skaffe eigen mat, får me tilfredsstilt jakt- og samleinstinktet og auka trivselen vår. Me ser på opphaldet som ein unik moglegheit til å læra om korleis me kan leva i og av naturen.

Det er viktig at opphaldet skjer innanfor trygge rammer. Ein føresetnad er vår lange friluftserfaring. Kommunikasjonsutstyr er eit viktig tryggheitsbidrag og gir andre moglegheit til å følgje med på opplevingane våre.

Hytteliv for eit år, utan innlagt vatn eller straum og omgitt av mektig natur. Skiftande årstider og god tilgang på naturens råvarer. Ein stad det er mogleg å få besøk av vener og familie for å kunne dela våre gode opplevingar med andre. Svalbard, Finland, Grønland, Alaska eller Canada? Moglegheitene er mange. I Yukon, Canada, har me funne vår villmark med høge fjell, godt jaktterreng og store fiskevatn.

Privilegert, takknemleg og heldig
Me er svært audmjuke over at me har høve til å leva ut draumen vår. Vår livssituasjon, friske familiemedlemmer og vener, i tillegg til at me har oppsparte midlar gjer det mogleg for oss å reise. Ikkje minst er me svært takksame ovanfor arbeidsgjevarane våre som har gitt oss permisjon i eitt heilt år.  

Saman vil friåret vårt gi oss store opplevingar og me vil hauste mange nye erfaringar. Me håpar å koma attende til Norge proppfulle av energi og livsvisdom.

No Responses to “ Draumen ”

Sorry, comments for this entry are closed at this time.