Uncategorized


No har me vore heime i Norge i over ein månad. Kvardagen grip tak i oss, men me lever på minna frå Six Mile Lake. Her sit me ei torsdagsnatt og skriv det siste blogginnlegget.

Som tidlegare sagt er det nesten uråd å trekke fram enkeltopplevingar framfor andre, og å formidle alt me har opplevd gjennom korte blogginnlegg. Me gjer likevel eit forsøk på å dele nokre gode minne frå dette fantastiske året. Dette er ei kavalkade av minneverdige episodar, kvardagslege hendingar og storslåtte opplevingar som me hugsar særskilt godt frå året som gjekk. Me har prøvd å finna fram litt andre bilete enn dei som har vore brukt tidlegare.

Siste artikkelen vår i Bergens Tidende kom ikkje 4.august, men skal koma laurdag 18. august etter det me er blitt fortald. God lesing!

Føredrag
Ønskjer du å snakke med oss angåande føredrag, sjå sida “Om oss” for vår kontaktinformasjon.

Tusen takk til alle som har besøkt bloggen vår. Over 10 000 enkeltpersonar (!!) har lest bloggen, nokre kun ein gong, men mange har kikka innom mykje oftare. Ei særskilt takk til dykk som har fylgt oss fast gjennom heile overvintringa!

Kanskje er det din tur neste gong?

Steinar og Anna

PS:
-På grunn av mange bilder, må du klikke på side to i galleriet for å sjå dei siste bilda.
-Når du skal sjå gjennom fotogalleria: Ikkje trykk ”show as slideshow”. Trykk heller på fyrste bilete. Då får du større bilete og i tillegg tekst under.

I snart eitt år har månadsskifte juni-juli vore uendeleg langt fram, men plutseleg var vinteren over. Med sommaren i anmarsj nærma avreisa 28.juni seg med stormskritt

Six Mile Lake for siste gong
I dei tre siste vekene av friåret fekk me besøk av mødrene våre, Solveig og Ragnhild. Det er alltid  moro å vise fram den storslåtte naturen, den koselege hytta vår og gå rundt i området som har gitt oss så mange opplevingar det siste året.

Det vart eit kjekt gjensyn med mamma og mammo. Sidan begge to er svært spreke, tok me like greit turen inn til Six Mile Lake til fots. Med dagstursekk gjekk det lett langs firhjulingssporet gjennom den tørre poppelskogen. Over oss lyste lauvverket lysegrønt og på bakken blomstra lupinar, forglemegei og andre små fjellblomar. I mangel på bruer og med snøsmelting i fjellet, måtte me vasse over tre flaumstore elvar. Men den strålande utsikta over dei ruvande fjella var beste medisin mot kalde ter. Me syns det er utruleg kjekt å ha slike barske mødre som me kan ta med på padle- og fotturar og ikkje minst å baksa seg gjennom tett buskas. Blant hyttefolket rundt Six Mile Lake kjem det nok til å gå gjetord i årevis om norske sprekingar .

I motsetnad til i fjor lot sommarvarmen vente på seg, og dei lokale klaga si nød lik nordmenn gjer når vergudane går oss i mot. Temperaturen heldt seg rundt 12 grader, med mykje vind og overskya. Den regntunge våren (i canadisk målestokk) hadde også gitt godt grunnlag for myggen. På fotturar vart dobesøk i lun skog synonymt med titals myggstikk på rumpa, så her gjaldt det å knipe. Mygg er me nemleg ikkje vane til, då myggsprayen i fjor sommar stod ubrukt. Tross det kjølige veret kjempa me i år ein forgjeves kamp mot små og store helikopter. Me skjønar godt at elgen flyktar til fjells om sommaren.

Tilslutt var det berre vasking, pakking og utflytting som stod igjen. Med klump i halsen spikra me opp skoddene på hytta for siste gong. Men nede med vatnet låg to fullasta kanoar, og me tok avskjed med Six Mile Lake frå Ally’en. Med Ginger sin snute hengande bedageleg over ripa, padla me frå Six Mile Lake i solskin. Det var ei flott stund. Utpå dagen kom me inn i årets kraftigaste regnver. Og me som hadde fortald våre besøkande at dei ikkje trong regnklede… det var nokre drukna kattar (og hund) som seinare blei plukka opp av Dave.

Mot sørlegare trakter
Etter ny runde med pakking og besøk på postkontoret gjekk turen direkte til Alaska. No var det tid for å ha ferie frå bagasjen! Fyrste begivenhet var kvalsafari på speglblank fjord ved Juneau, hovudstaden i Alaska. Me storkoste oss med fish and chips i byen saman med titusen cruiseturistar.

Etter Juneau satte me kurs mot sørlegare breiddegrader. Me håpa på sol og sommar på Vancouver Island slik at me kunne bade og sole nokre blåkvite leggar. Men den gong ei, det vart kjølig ver og relativt mykje regn. Då satsa me heller på vin- og sidersmaking, rusleturar i tempert regnskog og masse god lokalprodusert mat. I Ukluelet fann me verdas flottaste B&B, Ocean Dreams. Frå rommet var det utsikt mot Stillehavet, rådyr som beita i hagen og me velta oss i overdådige frukostar. Her fekk me verkeleg roa oss ned etter å ha pakka vekk friåret. I kajakk padla me mellom tare og kampesteinar. Herleg å vera på sjøen igjen. Kike på sneglar, krabbar, surfa og leika oss i dønningane med kvalar beitande rundt oss.

Vancouver
Vancouver markerar starten og slutten på opphaldet vårt. For eitt år sidan var me utsletne av arbeid, spente på framtida og handlelistene våre fylde fleire sider. No var me attende til byen med den fantastisk sushien. No er koffertane var så godt som proppfulle, og me koste oss i staden med å gå blant skyskraparar, handle, drive dank, ete og drikke godt. Vancouver er ein utruleg flott storby som me trives svært godt i. Den er godt tilrettelagt for sykkelistar, og ein sykkeltur i byen stod høgt på ønsklista. I strålande sol sykla me rundt den store parken Stanley park. Høgdepunkt på turen; å grave ned føtene i solvarm sand på badestranda!

Vel heime
Det var godt å ikkje vera åleine dei siste dagane i Canada. I tillegg er det ganske praktisk å ha to ekstra personar til å ta med bagasje på flyet. Eller kanskje dei ville forsikre seg om at me ikkje vart verande, og faktisk kom heim att til Norge?

No er det herleg å vere heime hos familie og vener. Dagane er travle og me har enno ikkje hatt tid til å reflektere over friåret vårt. Sjølv om livet ved Six Mile Lake allereie er langt borte, er inntrykka framleis ferske. Å ta avskjed med Six Mile Lake og Canada var ikkje så vanskeleg som me trudde. Det er nemleg ein ting som er sikkert: me skal attende! Men tårene trilla då me måtte sei hadet til hundane, Haley, Buster og Ginger, våre firbeinte bestevener. Dei er djupt sakna.

Draum i media
Sommarartikkelen vår kjem i Bergens Tidende 4. august. Neste, og siste, blogginnlegg i denne omgang vil kome tidleg i august. Om du enno ikkje er lei oss, så kan du høyre intervjuet som vart gjort via satelittelefon med Salangen web-TV. Spol fram til 32min og høyr:  Ut på tur 31. mars 2012.
God sommar!
Steinar og Anna

PS: Under fyrste bildegalleri ligg nok eit galleri, kall det gjerne for dagens bonusspor.


September 2011

Bilda frå ”haustferien” vår i fjor saman med Anna sine foreldre, Ragnhild og Leiv, vart aldri publisert. Her kjem bilda, saman med ein kort tekst:

Etter ei veke på hytta tok me turen nordover, med blikket vendt mot Dawson City. I strålande haustfargar var det ei oppleving å kjøre lange strekningar. Medan me tok oss fram på asfaltert veg, måtte gullgravarane for hundre år sidan ta seg fram i ukjent terreng. Dei måtte forsere tett vegetasjon og store flodar, oftast heilt utan kart. Når ein sjølv har levd så tett på naturen som me har gjort, vert respekten for dei innfødde og dei fyrste pionerane endå større. Medan me rusla dagstur i Tombstone Territorial Park og søv i mjuk seng, jobba dei hardt for å livberge seg i det mektige landet som  omgav dei.

Skookum Jim og George Carmacks fann gull i bekkefaret Bonanza Creek (tidl. Rabbit Creek) i 1896. Då starta gullrushet i Klondyke og folk strøymde til området, nokre med erfaring andre som grønskollingar. På berre seks månadar vart 500 hus sett opp i det som vart Dawson City, og byen husa på det meste 40 000 håpefulle. Mykje mat, i form av kveg, sau og gris, vart ofte transportert frå kysten til Dawson City langs Dalton Trail. Denne stien går like forbi hytta vår og me har fleire gonger brukt den på turar.

Då haustferien var over, returnerte me til ”kvardagslivet”. Medan Ragnhild og Leiv reiste attende til Norge, var me på Canadian Tire og Superstore. Då vart innkjøpa for dei neste 3 månadane unnagjort. Ein stor jobb i seg sjølv, men så er me også blitt knallgode på storhandel.

Opphaldet ved Six Mile Lake går mot slutten. Dei siste vekene har vore brukt flittig for å få gjort nokre av dei tinga me endå ikkje har rekke.

I slutten av mai var me ein tur på Haines Beerfest, Alaska. Det var nærmare 100 ulike typar øl å smake på og den vesle byen Haines var stappfull av glade Alaskanarar og Yukonarar, og tre nordmenn. På tur tilbake, i Haines Junction, kom me tilfeldigvis i prat med Michael Gates. Han er historikar og forfattar frå Whitehorse og har akkurat publisert bok om Dalton Trail. Denne stien vart brukt til å transportere kyr, sauer og reinsdyr inn til dei svoltne gullgravarane i Klondyke i 1898. Dalton Trail går like forbi hytta og me har vore nysgjerrige på historia knytta til stien. At me tilfeldigvis skulle treffe på den personen som kjenner historia aller best var ikkje anna enn eit lykketreff. Han inviterte oss på boklansering same kveld, noko me sjølvsagd takka ja til.

Returen til hytta gjekk til fots langs Dezadeash Lake. I andre enden hadde me parkert kano, telt og campingustyr for å ha to dagar fiskeferie ved vatnet der. Som me hadde frykta var Ally-kanoen blitt forsøkt brukt som leiketøy for bjørnen. Store potar hadde klort hol i bunnen. Heldigvis var skadane små, men typisk nok hadde me gløymd reperasjonsutstyr akkurat denne gongen. Lappesaker til liggeunderlag + ducktape vart løysinga som heldt oss flytande heim over Six Mile Lake.

I byrjinga av juni testa me ut ei ny rute opp i fjella som me ser frå hytta. Å følgje breidda av Undie Creek viste seg å vere mykje lettare ein gamlevegen gjennom busk og kratt. På toppen av Fragleberget, dagens mål, ser me brått rett i auga på to Dall Sheep (fjellsau). Den eine kjem rett mot oss og vert svært så stor gjennom kameralinsa til Anna. Anna tar eit steg attende, for solide horn i bakenden fristar ikkje. Sauene var derimot fredlege, men svært så nysgjerrige på Ginger. Ginger er jo nesten kvit som ein sau.

Etter inntak av vår standard turlunsj, pulverpotetstappe med pølse, byrja returen. Brått ser me fleire villsau, i steinura 30 meter under oss. Det er både søyer og lam, men ingen bukkar. Til vår store overrasking vert dei ståande ei stund før dei sprett av garde som kenguruar ned skråninga.

Til tross for at me denne dagen, 5. juni, skriv dag 326 i hytteboka er det framleis nye ting å oppdage. Me padla eit lite stykke ned Dezadeash River og inn i eit gamalt elveløp som me trudde berre var eit myrvatn. Det viser seg derimot å vere ein djup kanal og kjempefint for padling. Me gjekk i land for å drive litt history hunting. Jack Dalton sin gamle Klondyke-sti finn me raskt, men ynskjer også å finne Pennocks Post. Dette var ein handelspost drive av ein bande kalla «The mysterious 36». Me finn ikkje anna enn to rustne blikkboksar, men derimot ein nydeleg poppelskog. Me døyper plassen til det klingande namnet Appendix Post sidan kanalen ligg som ein blindtarm av Dezadeash River.

Sommaren er komen for fullt no og me nyt varmen som best me kan. Som vanleg er det frukost i 8-9tida med havregraut, frukostblanding eller heimebakt brød. Oftast i hytteveggen dersom veret tillet det. I bakgrunnen er det CBC-radio 1, med det som har vorte våre faste radioprogram; «The current» og «Q». Det er også lesing, skriving av dagbok, blogg og avisartiklar. Dei siste vekene har me også byrja med vasking og pakking, samt fullføra prosjekta me aldri blei heilt ferdige med.

Niende juni hadde me besøk av familien Dickson med vener, i tillegg til hyttenaboane Grif og Florence med familie. Det vart ein kjempetriveleg avskjedsfest med grilling, bålfyring, hesteskokasting og badminton. Det er likevel trist å sei farvel til alle folka her som nærast har blitt som familie for oss.

No er me i Whitehorse for å ta imot mødrene som kjem på besøk. Medan me ventar sender me tunge pakkar i posten, heng me med venene våre, og har hatt nok ein avskjedsfest, denne gongen med sushi på bodet. Saman med husmødrene reiser me attende til hytto for siste gong. Det er med ein klump i halsen at me innser at friåret vårt snart er over. Allereie?

Anna og Steinar

Mai har vore ein månad med mange hendingar langs Six Mile Lake. Igjen har me fått oppleve natur og dyreliv på nært hald. Veret har ikkje vore det beste og for fyrste gong har me vore litt vêrsjuke. I løpet av dei to fyrste vekene i mai låg dagtemperaturen rundt 5-6 C°, det var mykje vind og sola glimra med sitt fråvær. Det toppa seg natt til 16. mai då det fall 10-15 cm snø i løpet av natta. Heldigvis smelta det meste i løpet av neste dag. No når det nærmar seg juni er det godt og varmt ute. Det spirer rundt hytta, rabarbraen veks og sivet på vatnet har fått eit grønskjer.

Då me kom attende til hytta i slutten av april, var all snø forsvunne og mykje av isen var gått opp. Då kom kanoen raskt på vatnet og årets fyrste padletur var eit faktum. Labradoren Ginger er tilbake og kanoen har vore brukt flittig både til fisking og turar. Det har vore eit utruleg dyre- og fugleliv langs vatnet med bisamrotter, bever, trompetsvanar og tusenvis av ender. På vatnet sprett det endeleg fisk, men han har vore vanskeleg å få has på. Steinar prøvde alt som var av floger, spinnarar og slukar og vart meir og meir frustrert. Men endeleg, 22.mai 2012 kl.16.37 satt vårens fyrste fisk på kroken. Ei gjedde på 2,2 kilo. Anna si fiskelykke er ikkje så stor, men så er heller ikkje fiskeinteressa og tolmodet stort.

Tilbake på hytta oppdaga me også eit elgkadaver på andre sida av elva. Ørn og skjor kretsa rundt skrotten og forsynte seg godt. Me skjøna at her var det sjans å få sjå større dyr og rigga til med kjøkkenstolar og kamerastativ inne i skogen. Neste gjekk me ned for å sjekke og då låg ulven og knaska på eit lårbein. Utruleg nok fekk den ikkje ferten av oss sjølv om me var berre 60 meter unna. Anna fekk nokre gode filmopptak både denne, og dei to neste dagane.

I mai hadde me vår fyrste ulykke. Ginger prøvde å smake på eit trepinnsvinn. Trepinnsvinet er dekka av lange piggar med mothaker. Resultatet av møtet vart over 50 piggar i snuten og munnen. Det vart ein lang og vond kveld for alle tre då me måtte trekke kvar enkelt pigg ut med leatherman. Det er nok framleis nokre restar igjen, men Ginger ser frisk ut og lograr like glad som alltid.

I midten av mai kom Griff og Florence opp elva med båten sin og som vanleg så skjer det mykje når dei er på hytta si ved Six Mile. I tillegg til å bli servert masse god mat får me også ein god dose spenning. Me vart med Griff på ein liten båttur opp til Dezadeash Lake for å sjå på eit bjørnekadaver. På vegen opp såg me tre svartbjørn i løpet av 15 minutt. Steinar tok over roret og Anna speida med kikkert. Griff skaut på to av dei, men treff berre den eine, ein liten hann.  To dagar seinare skyt Griff enda ein svartbjørn på same stad som den førre, ein stor hannbjørn på om lag 150 kg. Me hjelpte Griff med å hale bjørnen 100 meter gjennom myr og siv, og deretter laste han om bord. Ein tung jobb. Me fekk også vere med å flå bjørnen. Biologen Anna gjekk etterpå amok med kniven og skar i dei fleste organ som var mogleg å skjere i.

Same veka var me med Griff på beverjakt ned langs Dezadeash River. Ei spennande «katt og mus jakt» mellom båt og bever. Beveren stikk hovudet opp ein gong i blant for å puste og då skal ein vere rask å sikte og skyte. Dersom det blir bom må ein følgje boblene frå beveren som sym under vatnet. Ikkje alltid like lett gjennom siv og sterk straum på elva. Me enda opp med to stykk bever om bord og kunne studere dei to rare skapningane med interesse. Lange sylkvasse tenner, korte padleføtter og ein diger hale på ein klumpete kropp. Nabobeverane våre har til no overlevd beverjakta. Me kryssar fingrane for at dei slepp unna.

17.mai vart feira med ein telttur til Surprise Lake. Ikkje lange turen frå hytta, men likevel ein av favorittplassane våre. Frå ein fin rygg kunne me nyte utsynet over landskapet og dyrelivet der. Som vanleg levde vatnet opp til namnet me har gitt det. Ender, bever, bisamrotter, trepinnsvin og elg var nokre av dyra me såg i løpet av kvelden. Ginger tok ein liten symjetur etter beverane, men klarte som vanleg aldri å ta dei att.

Medan sommaren sig innpå oss kan me ikkje nekte for at opphaldet går mot slutten. Det er framleis tusenvis av ting me skulle gjort før me forlèt Yukon; padleturar, fisketurar, fjellturar osv. Noko rekk me over i løpet av dei siste vekene, men andre opplevingar får vente.

Anna og Steinar

April har vore, som dei andre månadane, spekka med opplevingar. Audun, bror til Anna, har vore på besøk i fire veker. Dei fyrste to vart tilbrakt ved Six Mile Lake, og det var godt å slappe av på hytta etter vår to vekers skitur i mars. Det vart nokon solrike dagar med slaraffenliv, ski- og fotturar. Ikkje minst måtte me ause vekk vatn rundt hytta etter kvart som snøen smelta. Dei neste vekene leigde me bil og farta rundt i Alaska og Yukon. Dette vart ein tur prega av flotte skiturar, mange møte med ville dyr og smaking på lokalt øl.

Bilturen starta i Whitehorse søndag 15. april, med nasen vendt mot Skagway. På vegen køyrde me gjennom fjella i White Pass og kryssa grensa til Alaska. I White Pass møtte me Lacia, Stephanie og gjengen for å gå topptur saman med dei. Med på turen var totalt 10 norske og canadiske skientusiastar, i tillegg til ein kanadisk hund ved namn Ringebu! Me besteig Log Cabin Mountain i delvis skya vér, men hadde likevel flott utsikt mot høge toppar i vest. I aust låg Bennet Lake som utgjer byrjinga på Yukon River som er over 3000 km. lang. Geografen Steinar tykkjer det er nesten ufatteleg at elva renn nordover forbi polarsirkelen før den endar opp i Beringstredet. Hadde Bennet Lake derimot drenert vestover mot Skagway, ville elva berre vore 30 km!

Skagway vart Anna og Steinar sitt fyrste møte med fjord og saltvatn på ni månader, herleg! Skagway er ein koseleg liten cowboyby som var utgangspunktet for gullgravarane som skulle til Klondyke frå 1897 og utover. Mange kom med båt frå San Fransisco, kryssa passet over til Bennet Lake og følgde Yukon River vidare ned til Dawson City. For oss tre vart Skagway eit hyggeleg møte med alaskaølet, og som inspirerte oss til å besøke fleire lokale bryggeri på turen.

Neste dag var det ein kort ferjetur til fiske- og heliskibygda Haines. Heliskiing er ikkje noko for fattige nordmenn, så me måtte nøye oss med ørnesafari og besøk på Haines Brewery. «Paul the brewer» var opphavsmann og einaste tilsette på dette bryggeriet som målte ca. 40 m². Me fekk denne blide og skjeggete karen for oss sjølv (ein av fordelane ved å reise utanfor turistsesongen) og han lærde oss mykje spennande om ølbrygging og ulike typar øl.

Frå Haines køyrde me over Haines Pass og attende til Yukon Territory. I passet stoppa me for topptur i glitrande sol, og samstundes nærmøte med skvaldrande fjellryper, hyggelege nasjonalparkvoktarar og japanske ekstremskikøyrarar. Etter nok ein gong å ha kryssa grensa til Alaska køyrde me neste dag gjennom Thompson Pass og ned til kystbyen Valdez. Og om fjella i Skagway og Haines var storslåtte, så var dette landskapet ikkje mindre enn overveldande. Snøkledde fjell på over 2000 meter som stupa ned i fjordar og dalar. Men for oss nordmenn vart litt av sjarmen øydelagd då me såg at fjellsidene var pepra med spor. Det var ingen skianlegg å sjå, men eit utal helikopter, snøscooterar og beltebilar som tok skibomsane opp på fjella. Langs hovudvegen var det tett i tett med festivaldoar for å halde det reint etter pudderhundane.

Ferjeturen frå Valdez gjennom Prince William Sound vart kanskje det største høgdepunktet på turen. Fjorden var spekka med dyre- og fugleliv, trass i at naturen framleis ikkje var fullt restituert etter Exxon Valdez ulykka i 1989. I det ferja tøffa ut fjorden låg det ein gjeng sjøoterar og vinka til oss i vassflata. Deretter såg me tumlere, ein flokk med kval (uvisst kva type) og ei rekkje sjøfugl. Ute i meir ope farvatn fekk me også auge på nokre store kvalar som kasta seg i vatnet og veiva med finnen, mest truleg gråkval eller knølkval. Me var nesten åleine på ferja, i alle fall dei einaste turistane, og hadde både ferjedekket og opplevingane for oss sjølve. På veg inn mot Whittier toppa turen seg med at ein spekkhogger leika seg framfor baugen.

Anchorage vart for oss ein ganske grå amerikansk by, men me fekk i alle fall besøkt Glacier Brewery der dei hadde utmerka sjømat og øl. Me forlot raskt bylufta og reiste ut på Kenaihalvøya for å sjå meir av kysten og dyrelivet der. I Seward var me på kvalsafari, men såg diverre ingen kval. I denne koseleg byen budde me på det som må vere det finaste bed & breakfast på denne sida av solsystemet. Soo`s B&B var eit arkitektteikna hus med lekker skandinavisk-koreansk design. Det kosta eigentlig 75 dollar per pers, men sidan me kom heilt frå Norge ville bestyrerinna Soo at me skulle betala 75 dollar totalt. Soo hadde nederlandsk svigerdatter og Norge var jo tross alt veldig nær Nederland…

Seward var endepunktet på rundturen vår, og no vendte me nasen heimover. Utanfor Anchorage køyrde me gjennom nok eit pass, Turnagain Pass. Dei snødekka fjellsidene blenka i vårsola og lokka. Steinar meinte det vart for gale å passere desse flotte fjellsidene utan å setta spor. Årets siste topptur blei soleis eit spontant faktum denne aprildagen i Alaska, noko me ikkje angra på.

Dei siste 120 mila tilbake til Whitehorse blei ein einaste lang dyresafari; fjellsau, caribou, elg, bever, rev, ørn og hauk for å nemne nokon. Og når dette vart toppa med eit møte med ein svartbjørn som poserte rundt bilen i ti minutt, vart me nesten svimmel av alle opplevingane. Tilbake i Whitehorse måtte me fordøye det heile med eit besøk på Yukon Brewery, ei god avslutting på ein minneverdig tur.

Takk for fire kjempekjekke veker Audun!

Anna og Steinar

 

 

Eit tilbakeblikk frå mars: Fyrste dag attende på hytto etter skituren me hadde. Det var litt bråk frå hundane om natta, uvant sidan dei pleier å vera stille. Men Buster er som ein annan hund – han pip, pistrar og bjeffar! Me ante ikkje Buster kunne bjeffe! Årsak: Haleys løpetid. Det må ein skjøne kan drive ein kar frå sans og forstand…

Me bestemte tidleg i haust at me ville ha ein lang skitur i løpet av vinteren. Her kjem stemningsrapporten frå vår nydeleg to vekers skitur i slutten av mars.

Oppladinga til turen vart ikkje den beste, ettersom begge var forkjøla for fyrste gong dette året. Men fyrste dagsetappe var kort, og føret bra. Sola varma i ansiktet mens me sveitta oss bortover Six Mile Lake. Dei snødekte toppane på St. Elias fjella raga mot den blå himmelen, så me storkosa oss. På kvelden skaut Steinar 2 ryper og medan hundane knaska venger og spytta fjør, åt me rypebryst til middag. Dette lova bra for resten av turen.

Dei neste dagane gjekk me over Dezadeash Lake og følgde eit scooterspor vidare til Fredrick Lake. I løpet skituren hadde me ei samla stigning på 150 høgdemeter, noko som var overkomeleg for to vestlendingar. Men så er me jo også to heldige vestlendingar! I det me skulle ta fatt på motbakkane kom ein familie forbi på scooter. I ekte Yukon-ånd tilbaud dei seg å dra den tyngste pulken opp bakkane. Me syntes det var lov å ta imot dette tilbodet sidan Buster var skada i bakfoten og ikkje kunne dra.

Ved Fredrick Lake lånte me hytta til fangstmannen Pokey. Pokey er ein hyggeleg kar me møtte på skitur i desember, og han inviterte oss til å nytte hytta «anytime». Hytta hans er typisk Yukon (dersom ein ser bort frå finerplate-hyttene); tømmerhytte med høgt velva tak, diger vedomn og kjøkkenbenken midt i rommet. Sidan Buster var skada og Haley hadde løpetid passa det bra med to kviledagar. Dagane vart nytta til lunsj i solveggen og små resultatlause jaktturar.

Resten av turen var det teltliv og bålos. Nettene var framleis ganske kalde (ned mot minus 20 C°) og om morgonane vakna me som regel til ei isskodde som letna så snart sola fekk tak. I løpet av frukosten opna himmelen seg rundt oss og ein ny dag med kanonvér tok til. Med hundestell, snøsmelting til drikkevatn, tørrking av soveposar og telt går det raskt tre timar før me kjem avgarde. Det høyres mykje ut, men skundar me oss sparar me kun 30 min, og så lite er ikkje verd å stresse for.

Hundane gler seg alltid også til å fortsette, og forventningsfull piping byrjar idet me tek sekkane på ryggen. I tet kan det vere Steinar som går med lett pulk. Like bak halsar Haley som for alt i verden ønskjer å ta igjen Steinar, så ho dreg både Anna og den tunge pulken. Kilometrane går sakte, men sikkert unna. Haley jobbar hardt og bygger imponerande lårmusklar. Buster har «the time of his life»; han får svinse fritt rundt og har samstundes ei deilig dame i løpetid framfor seg! Hundane sin matlyst minka i takt med Haleys aukande tiltrekking. Frå å vera matvrak tømte begge no ut skåla med snuten, for heller å kasta lange blikk i den andre sin retning. Er dette å leve på luft og (mangel på?) kjærleik?

Spenninga var stor då me skulle vidare frå Fredrick Lake og ned til Kusawa Lake. Her gjaldt det å finne stien! Å ta seg fram med pulk og hundar i skogen er nemleg svært tungt. Utan scooterspor, er det kilometer på kilometer med skog og djup snø som rekk ein til låra. Heldigvis fann me stien og det vart ei lett nedstigning til Kusawa Lake. Me gjekk over myrar og små vatn i sporet etter ein einsam ulv som hadde tatt same løypa dagen før. Å kome ned til langstrakte Kusawa Lake, med vid utsikt til 2000 meter høge fjell vart eit av dei absolutte høgdepunkta på turen. Etter å ha brukt mykje tid i området rundt hytta ved Six Mile Lake var det herleg å oppdage nye område. I dagboka for mandag 19. mars er det utropsteikn etter utropsteikn: «For ein strålande dag! Sol! Utsikt! Fjell! For eit føre! Scooterspor! Fire gode, glade turfolk på tur! Dette var jammen plassen sin for lunsj, me sit no på ei svær, tørr brygge og nyyyt sola. Sokkar og føter tørkar, for her er jo ingen vind. For ein dag, for eit liv!»

Kusawa Lake er 80 km. lang, men me fylgde berre halvparten av vatnet. I solskinet glir det lett av garde mellom dei høge fjella og me skulle ynskje me kunne gå slik i vekesvis. Torsdag 23. mars: «Det er som å gå på ein stor fjord! Tenk at det bygger seg opp så store skrugardar på eit vatn – for nokre krefter! No går me med musikk på øyra, dette er vår Grønlandsekspedisjon » Men etter 3 dagar er «Grønlandsekspedisjonen» komen til Kusawa Lake Campground og det er slutt på freden. Om kvelden sovnar me med til lyden av brøytebilen sin intense ryggealarm: BIP-BIP-BIP! Velkomen attende til sivilisasjonen!

Ut frå Kusawa Lake renn Takhini River. I staden for trygg is, møtte me open elv og fire ender som plaska rundt i osen. Då vart det i staden 15 km «grusføre» på den nybrøyta vegen ned til Alaska Highway. Søndag 25. mars sit me rundt turens siste kveldsbål. Over oss lyser stjernene og i sør skimtar me dei storslåtte fjella me har hatt som utsyn dei siste dagane. Me sit begge stille og tenker tilbake på alle dei flotte dagane. Det er ei god stund.

Då me vert plukka opp neste morgon stinkar me bål, men har fin farge i ansikt og på hender. Så gjenstår det å sjå om fargen heng att etter ein vask – litt mistenkeleg at hendene er like brune inni som utanpå…

Steinar og Anna

I løpet av 6 fantastiske dagar har me fått oppleva korleis det er å vera pelsjeger i Yukon. Dave Dickson, som eig hytta vår, jobbar fulltid som «trapper» (fangstmann) i vinterhalvåret. Han lurte på om me var interessert i å bli med og me var ikkje vanskelege å be.

Gjennom fleire generasjonar har Dave sin familie drive jakt og fangst langs White River, like ved grensa til Alaska. Familien Dickson er «outfitter» for eit område på storleik med eit middels norsk fylke. Alle utlendingar må ha personleg guide for å kunne jakte storvilt i Canada, og i dette området har Dickson Outfitter einerett på guidinga. Dave har ein imponerande Highway Ranch ved White River, med blant anna 5 gjestehytter, storstove med kjøkken, stall, verkstadar og 2 flystriper (!). I tillegg har dei 7-8 jakthytter i bushen som lettast er tilgjengeleg på hesteryggen sommarstid og med snøscooter vinterstid. I dette terrenget har Dave sine «trap lines», det vil seie ei rad med feller og snarer som er sett opp langs scootersporet.

Fyrste dagen i fangstlivet vårt byrja med 50 km på snøscooter. I tillegg til oss og Dave var også nyansatte Neil med, «the apprentice». Nedover mektige White River blenkja sola i snøen, rundt oss raga høge fjell og alt var perfekt. Idyllen vart derimot brote då Steinar sin scooter tok kvelden. Det var ingenting anna å gjere enn å sette han frå seg og haike vidare med Dave. Steinar følte seg meir som ein brysam turist enn ein ekte fangstmann, men vart lettare til sinns då Dave fortalte at scooteren hadde brote saman fleire gonger før.

Eit stykke nede på elva tok me av mot Fish Hole Lake på ein humpete og smal sti. Utruleg kor ein kan ta seg fram med ein snøscooter. På denne dagen vart fangsten 2 mår og ein røyskatt, noko som var litt under middels i følgje Dave. Dette var også siste veka med fellefangst for sesongen så alle fellene blei plukka med på tilbaketuren. Snarefangsten varer derimot ut mars så dei kan stå ei stund til. På returen felte me 5 svære granar som vart lasta på sledane og slept tilbake til Ranchen. Steinar sin snøscooter vart også med på lasset siste stykket og det var litt av eit scootertog som svinga seg oppover elva.

På dag to gjekk turen opp til hytta Castle Rock. I tillegg til å sjekke trap-linen skulle hytta der oppe fyllast med høy og mjøl; fòr til hestane som Dave bruker under jakta. På sleden var også råtten kumage, bisonhovud og ulvekadaver som skulle nyttast som åte for snarene. Eit litt uvant syn for to urbane nordmenn. Oppover dalen vart fellene sjekka etter tur, og to mår og ein ulv vart dagens fangst. Dette var årets sjette ulv, eit relativt bra resultat visstnok. Dave gav oss tre ferskingane jobben med å flå gråbein medan han sjølv mekka scooter. Å flå ulv er noko dei færraste får oppleve og det var med stor respekt me gjekk laus med kniven. Det var ikkje spesielt vanskeleg, men det tok tid, nærare 3 timar.

Dei neste nettene vart tilbrakt på Raven Rock, ein av Dave sine jaktcampar langs breidda av White River. Frå Haines Highway køyrde me 30 km. med snøscooter til Snag. Om Snag er det ikkje stort å fortelje anna enn at Nord-Amerikas kaldaste temperatur er målt her; – 82,5 C°!!! Dagens temperatur var heldigvis beskjedne -15 C°. Frå Snag bar det 45 km. nedover elva på snø og is. White River er ei mektig elv beståande av mange store og små laup, heller enn eit stort. Den er i stadig endring frå år til år og ein skal vere ekstremt godt kjent for å legge ut på isen her. Eit par gonger køyrde Dave opp og ned fleire kilometer for å finne ein farbar veg gjennom denne labyrinten. The Norwegians fekk også verkeleg testa sine snøscooterevner. Nokre stader, der isen var tynn, var det bånn gass som gjaldt. Andre stader var det smidighet og varsemd. Steinar lærte at ein bør ha lav fart og stø kurs når ein trekk tungt lasta slede på speglblank is, elles så endar det i piruett. Anna flaksa som ei kråke og sette scooteren fast i djupsnøen og Steinar kom bak og gjorde same feil. Dette til stor underhaldning for dei to lokale.

På Raven Rock gjorde me nytte for oss medan Dave og Neil kjørte opp nye scooterspor til to andre jakthytter. Me lossa hestefor, hogg ved, reingjorde hyttene og laga mat. Som fangstmann og jegar er kjøtt ein vitig ingrediens for Dave; Elgpølse, gåsepølse, rype og gaupe stod mellom anna på menyen desse dagane. Tunge, men velsmakande måltid. Turen attende til bilen gjekk utan problem inntil det gjenstod 1 kilometer. Den vesle Tundraen til Anna klarte ikkje den humpete vegen, fjøringane var herpa (nemnte me noko om tunge måltid..?) og scooteren fekk samanbrot. No var det Anna som følte seg dum og hadde dårlig samvit, særskilt ovanfor Thomas. Thomas er Dave sin son på 10 år, og Tundraen er noko av det viktigaste i livet hans. Anna pusta letta ut då Dave sa at demparane på denne scooteren uansett ville brote saman før eller seinare.

I løpet av denne korte veka tilbakela me rundt 450 km. på scooter. Me erfarte at det moderne fangstlivet dreier seg vel så mykje om transport og logistikk, som sjølve fangsten. 4 scooterar, 4 sledar, motorsager, ved, hestefor osv. skal fyrst lastast og stroppast på lastebil og tilhengar. Vel framme skal alt lossast av igjen for så å lastast på nytt i scootersledane, med presenning og heftig stropping. Tungt arbeid, men i følgje Dave så var The Norwegians driftigare til å jobbe enn den gjennomsnittlege canadiar. Dave fer ikkje med unødig skryt, så var kjekt å høyre at me hadde gjort stor nytte for han. I tillegg fekk me ei oppleving som me seint kjem til å gløyme.

Laurdag 10. mars vart vinterartikkelen vår publisert i Bergens Tidende. Fekk du den ikkje med deg, kan du sjekke ut www.bt.no/reise

No legg me ut på ein lang skitur, så det blir lenge til neste blogginnlegg. Me høyrast i april!

-Anna og Steinar

No er me tilbake i Whitehorse, som for oss er verdas navle. Ikkje store byen, men når ein knapt har sett folk på 3 månader så er det meir enn nok. Etter at me kom hit har me vore på Frostbite Music Festival, aketur og mange kafèbesøk. I morgon byrjar Yukon Sourdough Rendevouz, ein festival for å kurere hyttefeber: “It is a gathering of Northern people to let off steam generated during the long, dark days of winter”. Og kvifor surdeig? Då pionerane inntok Yukon for meir enn hundre år sidan, hadde dei kun surdeig til brød i løpet av vinteren. Innetemperaturane var så lave at vanleg gjær daua. Sidan me ser ut til å overleve denne Yukon-vinteren, så er også me ekte Sourdoughs. På festivalen er det mellom anna konkurransar i mjølpakking, bart- og skjeggkonkurranse for mannfolka og legghårkonkurranse for damer. Anna har spart ivrig, men har nok ikkje sjans med sine få blonde legghår.
– – –
Turen ned frå hytta gjekk på isen langs Dezadeash River. Me hadde to overnattingar, men kunne fint klart oss med ei. Ikkje noko stress som vanleg. Tysdag ettermiddag sela me opp hundane og lasta pulkane. I tillegg til vanleg vinterturutrusting hadde me med oss teknologi-kofferten (PC etc.), sivile klede og klesvask. Skittentøyet har hopa seg opp i 6 månadar så det var ikkje få baggar som vart pakka, totalt 7 kolli. Men hundane våre er spreke og kan greitt dra to pulkar og to svette nordmenn dersom føret er bra. Sidan Buster har ein skade i foten avlastar me han ved å bytte på å gå for eiga maskin.

Fyrste etappe var berre 1,5 time ned til Squirrel Creek, der me allereie hadde etablert camp frå ein tur helga før. Då hundane var blitt lenka fast, sette me opp teltet og fyrte opp bålet. Å finne ved her i Yukon er ein draum. Ein tek tak i nærmaste daude poppeltre, vanlegvis mindre enn 20 meter unna, og rykkjer til. Tre med ein diameter på 10-15 cm brekk lett som ingenting. Å kutte treet i passelege kubbar er gjort på få minutt. Bålet vert så tent med ei fyrstikke, noko anna er eit stort nederlag.

På kvelden var det eit fantastisk nordlys over nesten heile himmelen, eit grønlilla banner blafra over tretoppane. Det varte i fleire timar og Steinar har aldri sett noko liknande. Nede i Whitehorse fekk me seinare vete at det hadde vore uvanleg bra nordlys, og lyset har helde fram fleire kveldar denne veka.

På dag to fortsette me sving i sving nedover Dezadeash. Heldigvis er det nokon snarvegar undervegs som kortar inn turen. Me vurderte å snørekjøre heilt ned til Champagne og låne hytta til Griff og Florence, men fann ut me heller ville bu siste natta i det vesle teltet vårt. For å spare vekt hadde me med lettvektaren, eit 1-2mannstelt, i staden for det romslige vinterteltet. Det er litt av ein kamp å kome seg inn i teltet og ned i soveposen når det berre er 90 cm under taket.

Neste morgon vart me overraska av skogens konge som nesten trakka inn i leiren vår. Hundane byrja å bjeffa på elgen som var 30 meter unna. Spora viste derimot at han hadde vore berre 15 meter frå frukostbålet vårt. Elgen har nok rusla rundt i eigne tankar, og vart nok overraska over å støte på bleikansikter i den elles så aude skogen.

Den siste strekninga til Champagne vart gjort unna på 1,5 timar. I Champagne lånte me bilen til Griff ned til Haines Junction. Etter å ha plassert Buster og Haley hos eigaren, var det tid for frotsing i «the junction». Fyrst gigantisk hawaiiburger, pommes frites og brus, deretter kaker og kaffe mocca på bakeriet. Det smaka fantastisk. Ein avsluttande øl på puben vart derimot overload for magen til Anna. Steinar toppa derimot kalaset med årets fyrste iskrem.

Teena Dickson, hytteeigaren vår, tok oss tilbake til Whitehorse. Teena er god til å snakke for seg og det gjekk ut over dama i hotellresepsjonen. «These guys haven`t had a shower for 3 months…bla bla bla». Me enda opp med luksussuiten; himmelseng, peis og boblebad. TV-glaning vart det til langt på natt mens me dekorerte rommet med telt, soveposar og klestørk frå fire fulle vaskemaskinar. Alt i ein herleg eim av bål.

– – –
No er me altså i Whitehorse der tida går med til å treffe vener, skype, og ordne saker og ting. Mellom anna har me sendt frå oss tre artiklar, så det er berre å følgje med i Bergens Tidende, Bladet Tysnes og Arktisk Magasin framover. Neste veke dreg me på trapping med Dave Dickson. Dave driv fangst av ulv, jerv og gaupe mm. langs White River. Det gleder me oss veldig til!

Anna og Steinar

Eit rungande HURRA for denne merkedagen: me skriv «Tirsdag 31. januar – Dag 200» i hytteboka! Dagen markerar også avsluttinga på den kaldaste månaden. Slik er i det alle fall teorien.
Veret feira saman med oss: me vakna til strålande sol og gradestokken kraup opp til -15 °C. Dagens oppdrag var feiring saman med hundane. Så me la i veg på båltur.

I stor fart suste me frå hytta, gjennom skogen og ned på elva. Det gjekk i hui og hei i heile 200 meter, då hadde Buster fått nok. Dra fekk me visst gjera sjølve, for den uskrivne naturlova seier: Drar ikkje Buster, så drar ikkje Haley. Var det hintet me ikkje greidde å ta, at dette ikkje var rette turdagen?

Me skulle ikkje langt, lunsj ved eit sprakande bål var målet. Men det vart likevel ekspedisjon opp ei lita ukjent elv. Alle fire likar å oppdage nye plassar, så det vart fart i hundepotane. Snart varma eit sprakande bål. Sola forsvann mens me to koste oss med varme tortilla fylt med ost, skinke, oliven og hummus. Bålet vart sløkt med eit uhell, deretter velta kaffikanna, gnistrar frå bålet svidde hol i bukser og jakker. Plutseleg var me tre som sat og koste seg. Ei fornøgd Haley sat mellom oss og lukta ivrig på sjokoladen. På kvileplassen hennar låg dei stusselege, avgnagde restane av tauet hennar. Me avslutta like greitt kalaset med å svi halve liggeunderlaget. Holete liggeunderlag, øydelagt snørekjøretau, to svidde dunjakker og ei svidd skibukse var altså resultatet etter ein time ved bålet.

Me skulle snudd i tide. Som erfarne fjellfantar (eller?) burde me nok gravd oss ned i tide. Men sidan dette er dagen då snøhola garantert vil raske saman, så blir det heller eplekake og sjampanje innafor trygge hytteveggar.
I hundehusa utanfor ligg det to fornøgde hundar som me har blitt veldig glad i. Haley og Buster har etterkvart blitt svært flinke til å snørekjøre. Men det hender titt og ofte, som i dag, at Buster er ein gretten gammal gubbe som er redd for trekken.

Her er dei to pelsdottane:

Haley er ein gladhund. Ho sprett oss i møte, lograr og blir så overivrig at ho må stupe inn i hundehuset sitt for å roe seg. Haley er lett å bli glad i, elskar kos og vil helst vera tettast mogleg inntil oss. Sa nokon oppmerksomhetssjuk? Haley er også eit surrehovud av dimensjonar, gi dama eit tau og ho slår knute på seg sjølv. Reiser me på tur utan hundane, sit Haley på taket og ular sine sorger for alle i mils omkrets.

Buster er sjenert, likar å ligge med snuten i dørkanten og betrakte livet derifrå. Han er eit skikkeleg arbeidsjern, sta og mykje roligare enn propellen Haley. Buster har ikkje vore leiarhund i spann før, men er som regel i tet når me snørekjører. Tross sine 10 år har Buster aldri lært seg å ule eller gøy som andre hundar, dei rare lydane han får fram minnar heller om Chewie i Star Wars. Etter å ha blitt tvangskosa i to månadar, er han heilt trygg på oss og likar særlig å få massasje. Men herjar Haley for mykje, eller det blir overdose kos, då må øyrene ristast og han smett tilbake i hundehuset.

Haley og Buster går gått saman, dei veloppdragne og godt vane til folk. Viktige føresetnadar for to uerfarne hundepassarar. No når me har blitt kjent med hundane, er det bonus og friminutt etter snørekjøringa. Då let me dei springe laust og herje rundt hytta til stor glede for oss og dei. No vågar våre pelskledde pyser seg heilt bort til utedassen, så kanskje dei ikkje er pyser likevel?

Ny ladning med julepost i midten av januar, tusen takk! Takk for alle helsingar som kjem vår veg, me set stor pris på dei.

Steinar og Anna

PS: Me veit bilda nokre gongar er små, men satellittlinja er ofte for dårleg og dyr til å laste opp større filer.

Next Page »