April har vore, som dei andre månadane, spekka med opplevingar. Audun, bror til Anna, har vore på besøk i fire veker. Dei fyrste to vart tilbrakt ved Six Mile Lake, og det var godt å slappe av på hytta etter vår to vekers skitur i mars. Det vart nokon solrike dagar med slaraffenliv, ski- og fotturar. Ikkje minst måtte me ause vekk vatn rundt hytta etter kvart som snøen smelta. Dei neste vekene leigde me bil og farta rundt i Alaska og Yukon. Dette vart ein tur prega av flotte skiturar, mange møte med ville dyr og smaking på lokalt øl.

Bilturen starta i Whitehorse søndag 15. april, med nasen vendt mot Skagway. På vegen køyrde me gjennom fjella i White Pass og kryssa grensa til Alaska. I White Pass møtte me Lacia, Stephanie og gjengen for å gå topptur saman med dei. Med på turen var totalt 10 norske og canadiske skientusiastar, i tillegg til ein kanadisk hund ved namn Ringebu! Me besteig Log Cabin Mountain i delvis skya vér, men hadde likevel flott utsikt mot høge toppar i vest. I aust låg Bennet Lake som utgjer byrjinga på Yukon River som er over 3000 km. lang. Geografen Steinar tykkjer det er nesten ufatteleg at elva renn nordover forbi polarsirkelen før den endar opp i Beringstredet. Hadde Bennet Lake derimot drenert vestover mot Skagway, ville elva berre vore 30 km!

Skagway vart Anna og Steinar sitt fyrste møte med fjord og saltvatn på ni månader, herleg! Skagway er ein koseleg liten cowboyby som var utgangspunktet for gullgravarane som skulle til Klondyke frå 1897 og utover. Mange kom med båt frå San Fransisco, kryssa passet over til Bennet Lake og følgde Yukon River vidare ned til Dawson City. For oss tre vart Skagway eit hyggeleg møte med alaskaølet, og som inspirerte oss til å besøke fleire lokale bryggeri på turen.

Neste dag var det ein kort ferjetur til fiske- og heliskibygda Haines. Heliskiing er ikkje noko for fattige nordmenn, så me måtte nøye oss med ørnesafari og besøk på Haines Brewery. «Paul the brewer» var opphavsmann og einaste tilsette på dette bryggeriet som målte ca. 40 m². Me fekk denne blide og skjeggete karen for oss sjølv (ein av fordelane ved å reise utanfor turistsesongen) og han lærde oss mykje spennande om ølbrygging og ulike typar øl.

Frå Haines køyrde me over Haines Pass og attende til Yukon Territory. I passet stoppa me for topptur i glitrande sol, og samstundes nærmøte med skvaldrande fjellryper, hyggelege nasjonalparkvoktarar og japanske ekstremskikøyrarar. Etter nok ein gong å ha kryssa grensa til Alaska køyrde me neste dag gjennom Thompson Pass og ned til kystbyen Valdez. Og om fjella i Skagway og Haines var storslåtte, så var dette landskapet ikkje mindre enn overveldande. Snøkledde fjell på over 2000 meter som stupa ned i fjordar og dalar. Men for oss nordmenn vart litt av sjarmen øydelagd då me såg at fjellsidene var pepra med spor. Det var ingen skianlegg å sjå, men eit utal helikopter, snøscooterar og beltebilar som tok skibomsane opp på fjella. Langs hovudvegen var det tett i tett med festivaldoar for å halde det reint etter pudderhundane.

Ferjeturen frå Valdez gjennom Prince William Sound vart kanskje det største høgdepunktet på turen. Fjorden var spekka med dyre- og fugleliv, trass i at naturen framleis ikkje var fullt restituert etter Exxon Valdez ulykka i 1989. I det ferja tøffa ut fjorden låg det ein gjeng sjøoterar og vinka til oss i vassflata. Deretter såg me tumlere, ein flokk med kval (uvisst kva type) og ei rekkje sjøfugl. Ute i meir ope farvatn fekk me også auge på nokre store kvalar som kasta seg i vatnet og veiva med finnen, mest truleg gråkval eller knølkval. Me var nesten åleine på ferja, i alle fall dei einaste turistane, og hadde både ferjedekket og opplevingane for oss sjølve. På veg inn mot Whittier toppa turen seg med at ein spekkhogger leika seg framfor baugen.

Anchorage vart for oss ein ganske grå amerikansk by, men me fekk i alle fall besøkt Glacier Brewery der dei hadde utmerka sjømat og øl. Me forlot raskt bylufta og reiste ut på Kenaihalvøya for å sjå meir av kysten og dyrelivet der. I Seward var me på kvalsafari, men såg diverre ingen kval. I denne koseleg byen budde me på det som må vere det finaste bed & breakfast på denne sida av solsystemet. Soo`s B&B var eit arkitektteikna hus med lekker skandinavisk-koreansk design. Det kosta eigentlig 75 dollar per pers, men sidan me kom heilt frå Norge ville bestyrerinna Soo at me skulle betala 75 dollar totalt. Soo hadde nederlandsk svigerdatter og Norge var jo tross alt veldig nær Nederland…

Seward var endepunktet på rundturen vår, og no vendte me nasen heimover. Utanfor Anchorage køyrde me gjennom nok eit pass, Turnagain Pass. Dei snødekka fjellsidene blenka i vårsola og lokka. Steinar meinte det vart for gale å passere desse flotte fjellsidene utan å setta spor. Årets siste topptur blei soleis eit spontant faktum denne aprildagen i Alaska, noko me ikkje angra på.

Dei siste 120 mila tilbake til Whitehorse blei ein einaste lang dyresafari; fjellsau, caribou, elg, bever, rev, ørn og hauk for å nemne nokon. Og når dette vart toppa med eit møte med ein svartbjørn som poserte rundt bilen i ti minutt, vart me nesten svimmel av alle opplevingane. Tilbake i Whitehorse måtte me fordøye det heile med eit besøk på Yukon Brewery, ei god avslutting på ein minneverdig tur.

Takk for fire kjempekjekke veker Audun!

Anna og Steinar